IMG_1796

Aktuelt Vindafjordmuseet

Forteljingar frå motstandsarbeid – andre verdskrig

Haugalandmuseet presenterer ei intervjusamling med fortellingar frå «Bjoa-gjengen» - motstandsfolk under andre verdskrig, samt fortellingar frå garden Eikås der Sverre K. Andersen (kodenamn Arquebus) opphaldt seg under krigen.

Dato: 18. januar 2021

Lydopptaka vart samla inn av Endre Heggen – lokalhistorikar og sogelagsmann i Ølen i perioden 1980-2005. Av ein lydskatt på nær 500 opptak, har vi gleda av å gi tilgang til 6 intervju frå krigsåra – i nettløysinga Digitalt Museum. Her kan du høyre om lokale motstandsoperasjonar heime i di eiga stove. Link til lydopptaka på Digitalt Museum.

Du kan mellom anna høyre Kristin Eikås Andersen frå Bjoa fortelje om spionarbeidet til Sverre K. Andersen, som enda opp på garden Eikås, – «operasjon Arquebus» hemmelege base. Kristin Eikås var eldste dotter på garden og gifta seg med Sverre K. Andersen etter at freden kom i 1945. I intervjuet med Erik Bjørnsen kan ein høre korleis Bernard Håvardsholm vart med i motstandsarbeidet og satt i gang operasjon «Arquebus» som en engelsk etterretningsoperasjon. Han fortel og om korleis «Bjoagjengen» blei avslørte og kva som skjedde då delar av gjengen blei arresterte av Gestapo. Erling Johannessen fortel om kva som skjedde då Gestapo nøsta opp i våpensmuglinga og korleis transporten vestover til England føregjekk då dei måtte komme seg unna tidleg i 1944.

Har du spørsmål om lydsamlinga og arbeidet med den?

Kontakt samlingsansvarleg i Haugalandmuseet, Grethe Paulsen Vie: gpv@haugalandmuseet.no, mobil 481 52 509