Losar

Arrangement Dokken museum

Losen

Førstemann til mølla

Dato: 20.mai

Åpningstider: Åpningstider 2024:
11.04-16.06:
Torsdager 10-14

17.06-11.08 (sommersesong):
man-søn kl. 10-15


Sted: Dokken Friluftsmuseum, Brugata, Haugesund, Norge

Pris: Gratis

Losen – kven var han?

Det kvite huset med dør høgt oppe på veggen i Dokken har fått namnet Losahuset, her har det nok budd ein los. Kven var losane og kva oppgåver hadde dei og korleis var dei organisert? Losen var kjentmannen, ein som kunne vegen, som visste kor dei farlige straumane og kor dei skumle skjæra var. Oppgåva var å føre framande båtar inn til trygg hamn. Losyrket var farefullt, og uorganisert. Prinsippet var «førstemann til mølla».

Etter å ha tatt loslappen, skaffa seg ein egna båt, fått tak i ro karar, var det berre å ta opp konkurransen med dei andre losane.  Når losane ikkje hadde oppdrag låg dei ofte oppe på haugane med kikkertane  sine og speida etter båtar – små gutane kunne få avløyse faren med å halde utkikk. Det var ikkje så veldig mykje å tene på å vere los – så dei fleste hadde ein liten jordlapp eller dreiv fiske ved sida av.

Når det endelig var ein båt i sikte var det berre å hive seg på årane, ro så det fossa rundt baugen, for den som kom først fekk jobben. Det var tøffe, stolte karar som hadde denne jobben, hadde dei valt dette yrket, så sette dei si ære i å utføre oppdraga sine på ein framifrå måte. Båtane var små, kanskje berre 15 – 25 fot.

Det var nok diverre mange som aldri kom heim att  frå jobb – sjøen og havet kan vere farlig og i ein liten opne båt kunne det gå gale.

Sure og skuffa vart dei nok ro karane som tapte kampen om oppdraget, og historiene om hemna taparane tok då dei kom i land fortel om både slåsskampar, øydelagde båtar og segl.

Slik kunne ein ikkje ha det og etter 1918 var losyrket organisert, med fordeling av både oppdrag og betaling.

Mange historier blir fortalt om farefulle, men og artige  losoppdrag. Som losen som alltid la kleda sine på krakken rett ved senga for å spare tid om han fekk eit oppdrag. Denne kvelden hadde kona lagt sine der og. I nattemørket treiv han hennar kler og dei fekk seg nok ein god latter ro karane då losen kom springande i skjørt og damekofte. Mange kjenner nok historia om Josef som gøymde seg for engelskmennene på  Utsira.

Josef var ute og fiska då ein engelsk fregatt bora han og forlanga at han skulle føre /lose skuta til Bergen. Josef ville på ingen måte gjere dette- så då skuta seglar forbi Utsira – fører Josef skuta på eit skjær – sjølv hoppar han i sjøen og svømmer i land og gøymer seg i ei hole . Engelskmennene leitar i hus og løer over hele Utsira i fleire dagar utan å finne han.

Den dag i dag blir hola som Josef gøymde seg i kalla Josefshola.

Ikkje så godt kjent er det nok ikkje at Josef hadde Josef hadde sju søner som alle var losar og det er historier om dei og.

Ein båt kom til Kopervik og skulle til Bergen. Det var Josef som brukte å lose båten, men denne dagen var verken Josef eller dei andre losane heime.

Skipperen lurte «Kva skal eg gjere då ?»

«Eg har Knut Didrik, han er bere 12 år, men han har vore med faren mange gonger til Bergen og kan ruta godt.» sa mora.

«Kom berre med han» , sa dansken. Det gikk godt – dei kom trygt fram.

Ein annan gong Knut Didrik var på jobb, kom det tre andre losar om bord i båten då dei nærma seg Bergen. Veret var dårlig og ein av dei eldre losane seier . « Denne unge losen som er her – han har gal kurs»

Knut Didrik protesterte og sa han hadde rett kurs. Men skipperen meinte  dei måtte høyre på dei eldre erfarne losane. Det enda med at ein av dei gamle  tok over roret. Knut Didrik gjekk fram i baugen på skuta – han stod er ei stund  før han plutselig  kom springande tilbake – han slengde gamlingen frå roret og la skuta over – det var akkurat å vidt at skuta gjekk klar fjellveggen.

Dei danske båtane som seinare kom til Kopervik for å få los , spurde alltid om å få ein av Josef sine søner om bord  for å lose dei trygt fram.

Foto

Mannskapsbilde – Losmannskap fra Haugesund, Utsira, Føyna 1898MHB-F_HR_ALB-0200

Losahuset i Dokken

Losbåten frå Utsira

 

 

Finn veien

Se hva som
skjer hos oss