Heggensamling

Arrangement Karmsund folkemuseum

Museumskvarter «Stemmer frå fortida»

"Stemmer frå fortida"

Dato: Tirsdag 15. september 2020 kl. 12:00

Tidspunkt: kl. 12.00

Sted: Skåregaten 142 Haugesund

Pris: Gratis

Stemmer frå fortida – lydsamlinga etter Endre Heggen

Endre Heggen (1920-2014) var lokalhistorikar, likningssjef, ordførar og sogelagsmann. Han var fødd i Stavanger, men budde mesteparten av sitt liv i Ølen. Han hadde eit brennande engasjement for kulturminnevern, og var ein ivrig samlar, fotograf, skribent og formidlar. Heggen var ei sann eldsjel og framstår som ei viktig drivkraft for den lokale kulturhistorien i Ølen og omegn.

I 1984 byrja Endre Heggen å gjere lydopptak av intervjuer som han gjorde med lokale personar frå Vindafjordbygdene og nabokommunane. Han var særleg oppteken av å dokumentere den lokale motstandsrørsla under den andre verdskrigen, deriblant historia til krigsseglarane. Andre tema som går igjen er oppvekst, arbeidsliv, lokal gardshistorie, handverk og kystkultur. Han gjorde òg ei rekke opptak av lokalhistoriske møter og seminarer frå Sunnhordland og Haugalandet. Over ein periode på 25 år gjennomførte han til saman fleire enn 300 slike opptak. Opptaka representerer ikkje berre ei særs viktig kjelde til lokal historie og kultur; dei gir òg levande døme på lokale dialektiske trekk som no i stor grad har forsvunne frå dagleg bruk.

Samlinga har hittil vore begrensa til gamle kassettband. Haugalandmuseet har sidan januar 2020 jobba med å digitalisere, registrere og verne desse opptaka, slik at dei kan verte tilgjengelege for framtida. Prosjektarbeidar Ole Martin Bentsen presenterer korte utdrag frå samlinga og fortel litt om arbeidet hittil og planane framover.

 

Finn veien

Se hva som
skjer hos oss