0136NRPrrKHL

Arrangement Vindafjordmuseet

Museumsstafett | Historisk vandring i Sandeid

Bli med til Sandeid

Dato: Torsdag 27. april kl. 18:00

Tidspunkt: 18 - 20

Sted: Sandeid

Pris: Kr. 100,-, billett kjøpes på Ticketco eller betales kontant ved frammøte

Eldsjelene frå Fokus Sandeid ved Jan Børretzen, vil fyrstkomande torsdag stå for ei historisk vandring i Sandeid.

Dette er ei løype med forskjellige plansjar, sett opp langs ein kultursti.

Ved kvart stopp, vil forskjellige informantar bidra med historisk innblikk. Vandringa tek ca. 1,5 t, så du bør ta med deg gode klede og sko.

Etter vandringa, samlast me ved siste stopp på Sandeid Samfunnshus, der det er ein kaffikopp og noko å bite i.

Oppmøte er på kaia i Sandeid, kl. 1800.

Kr. 100,- pr. person (kjøp billett her)

Etter arrangementet, er me behjelpelege med å køyre folk ned til bilane sine.

Vandringa er eit samarbeid mellom Fokus Sandeid , Imsland, Vikedal og Sandeid sogelag og Haugalandmuseet.

 

Finn veien

Se hva som
skjer hos oss