2014-02-12_CG_318

Aktuelt Haugalandmuseet

Pressemelding: Bygningsvern-rådgjeving på Haugalandet

Er du eigar av ein eldre bygning, og er usikker på kva du kan eller bør gjera for å ta vare på den? Då kan du ta kontakt med oss for gratis råd og rettleiing. Haugalandmuseet er del av eit pilotprosjekt frå Rogaland fylkeskommune der huseigarar kan få besøk og rådgiving av ein bygningsantikvar.

Dato: 9. oktober 2026

Pressemelding

Haugesund 09.10.2026

Teneste for bygningsvernrådgjeving på Haugalandet

Er du eigar av ein eldre bygning, og er usikker på kva du kan eller bør gjera for å ta vare på den? Då kan du ta kontakt med oss for gratis råd og rettleiing. Haugalandmuseet er del av eit pilotprosjekt frå Rogaland fylkeskommune der huseigarar kan få besøk og rådgiving av ein bygningsantikvar.

Eigarar av verneverdige bygningar på Haugalandet har tilbod om gratis rådgjeving i samband med restaurering og vedlikehald av eldre bygningar. Tarjei Steffensen Sortland er bygningsvernrådgjevar ved Haugalandmuseet, som inkluderer kommunane Utsira, Bokn, Vindafjord, Tysvær, Haugesund og Karmøy. Tarjei er utdanna arkitekt og har tidlegare arbeidd med kyrkjerestaurering i Bergen.

Tenesta er finansiert av Rogaland fylkeskommune og er i hovudsak retta mot restaurering og vedlikehald av bygningar, ikkje ombygging og utviding/tilbygg. Etableringa av dette tilbodet er eit av tiltaka i regionalplanen for kulturmiljø, som vart vedteken av fylkestinget i juni 2023. Det overordna målet med tenesta er å bidra til å sikre kulturarven på Haugalandet ved å rettleie eigarar av gamle hus.

Sjå meir  informasjon på heimesida: Bygningsvernrådgjevar på Haugalandet — Haugalandmuseet

Ta gjerne kontakt for meir informasjon eller førespurnad om intervju.

Med venleg helsing
Tarjei Steffensen Sortland, bygningsvernrådgjevar

Mobil: 48 88 35 13
E-post: tss@haugalandmuseet.no