"Romanivillaen" på Nedstrand

Aktuelt Haugalandmuseet

Romanifolkets kulturminne | vinterbustader

Haugalandmuseet registrerer stader knytt til romanifolket som reiste med båt langs kysten, òg kalla dei båtreisande. No har vi lagt ut nye stader på Kulturpunkt.org. Dei nye stadene og kulturminna er primært vinterbustader, - ofte stader som dei same familiane kom tilbake til fleire vintrar.

Dato: januar 2022

Nokre budde hos faste familiar om vinteren, eller hadde eigne bygningar som dei kom tilbake til kvar vinter. Andre overvintra i båten i ei fast hamn. Det siste var vanleg særleg på Sørlandet. Lenke til registreringane på KulturPunkt: https://kulturpunkt.org/museum/107/group/899

Folk hadde ulike løysningar, men dei fleste tok ein pause frå reisinga i nokre månadar om vinteren. Ofte gjekk borna på skule i desse periodane. Ein del familiar korta ned reisesesongen for å prioritere skulegangen til borna, og reiste i sommarferien. Ved å gå på skule og bu ein lengre periode på same stad, vart familiane til ein viss grad ein del av lokalsamfunnet der. Nokre stader tok dei fastbuande godt imot dei, men ofte vart dei reisande møtt med mange fordommar. Desse haldningane kunne ha mykje å seie for om dei kom tilbake til den same staden fleire år eller ikkje. Det var nok òg vanleg at mange av husa reisande budde fast i var vinterbustader i praksis. Familiane reiste gjerne store delar av sommarhalvåret.

Stadene som no er lagt ut på KulturPunkt.org. viser noko av breidda i overvintringsstadene til dei båtreisande. Ofte er det gjerne ikkje meir enn ein eller to romanifamiliar som har kjennskap til kvar stad, men desse registreringane fortel likevel mykje om dei båtreisande sine opplevingar og tilknytinga til ulike lokalsamfunn.

Ein viktig vinterbustad på Haugalandet er «Villaen» på Nedstrand. Dette er ein liten bygning med to rom, som ofte vart nytta som bustad for romanifamiliar om vinteren. Nedstrand var eit populært mål for båtreisande i distriktet. «Villaen» står framleis, og er no freda av Riksantikvaren.

«Villaen» på Nedstrand, foto: Riksantikvaren/ Øyvind Malmin

Andre stader båtreisande overvintra var i hus hos fastbuande på Foldrøy på Bømlo og Vartdalsstranda i Ørsta, i eige hus ved Balestrand i Sogndal, i eit sjøhus på Rubbestadneset, til kai ved Halhjem ferjekai, og i ulike trygge hamner på Sørlandet, inkludert Kuholmen og Hannevika i Kristiansand og Møllebukta i Arendal.

Vi har få fysiske spor etter romanifolket som er tekne vare på, både fordi levesettet deira ofte ikkje har etterlatt seg materielle spor, og fordi bevaring av slike kulturminne ikkje er blitt prioritert. Det er svært langt å gå for å få god nok representasjon av romanifolket si historie i kulturminnevernet.