Bukkøy

Aktuelt Haugalandmuseet

Romanifolkets kulturminne på Kulturpunkt.org

Haugalandmuseet har sidan 2006 jobba med dokumentasjon av båtreisande sine kulturminne på Vestlandet. Den båtreisande kulturen forsvann i stor grad i løpet av 1970-talet, då dei fleste reisande vart bufaste. Museet arbeider no vidare for å ta vare på informasjon om historie, levesett, handel og handverk, overnattingsstader, møteplassar og reiseruter blant båtreisande. Stader som har vore viktige for dei båtreisande er registrerte i sommar og haust, med støtte frå Kulturrådet/Den kollektive oppreisningen til romanifolket/taterne. No er femti av desse kulturminnene, frå Agder til Møre og Romsdal, lagt ut på KulturPunkt.org.

Dato: PM 08.12.2021

Dei femti stadene som vert lanserte no, på Kulturpunkt.org: Romanifolkets kulturminner – KulturPunkt, er for det meste samlingsplassar for båtreisande og viktige hamner, i tillegg til institusjonar som romanifolk vart sendte til. Fleire kulturminne vil bli lagt ut i løpet av vinteren. Stadene båtreisande ofte kom til, viser til romanifolket sine positive opplevingar og fridommen som kom med å vere reisande. Institusjonane dei vart sendte til mot sin vilje vektlegg nokre av dei negative opplevingane og den vanskelege historia til romanifolk i Noreg.

Andre stader som er registrerte inkluderer overnattingsstader, overvintringsplassar og stader med namn knytt til romanifolket langs kysten. Fokuset har vore på å finne fram til stader som har vore viktige for båtreisande, enten dette er for ein eller mange familiar. Samlingsplassar og stader der dei låg lenge eller ofte er særleg forsøk vektlagt. Geografisk spreiding har òg vore viktig, sjølv om det framleis er store område som ikkje er dokumenterte.

Dei båtreisande er mindre synlege i museums- og kulturminnesamanheng enn romanifolket som reiste langs landevegen. Haugalandmuseet arbeider difor spesielt med å dokumentere og synleggjere dei båtreisande si historie, slik at denne ikkje vert gløymd av storsamfunnet. Ved å løfte fram kulturminna og synliggjere dei, kan folk av båtreisande slekt komme nærare historia og kulturen sin.

Fantaloftet i Lærdal, nummer tre frå venstre. Naustet ble brukt som overnattingsplass om vinteren, før andre verdenskrig, særlig av familiene Strand og Palm. De reisende utførte gjerne blikkarbeider utenfor på kaien naustet. Foto: Haugalandmuseet.

 

Ein av samlingsplassane for båtreisande på Haugalandet var Gismarvik i Tysvær. Dette var ei god hamn, med kai, forretning og dieselpumpe. Dei reisande samla seg med båtane sine inst i vika. Det låg ofte mange båtar her som låg ”tau mot tau”. Foto: Haugalandmuseet

 

Kuholmen ved Kristiansand var ein av dei viktigaste møteplassane for båtreisande på Sørlandet. Her låg dei ofte og lenge. Det låg gjerne 10-12 skøyter der om gongen før andre verdskrig. Foto: Haugalandmuseet.

 

Svanviken arbeidskoloni på Nordmøre fortel om den vanskelege historia til romanifolket i Noreg. Mange vart sendte hit mot sin vilje for å lære å bli bufaste. Her vart kulturen deira aktivt motarbeida. Det reisande levesettet skulle utslettast. Det er viktig å fortelje historia om Svanviken arbeidskoloni for å setje søkelys mot den uretten som er utført mot romanifolket i Noreg. Foto: Haugalandmuseet.

Om romanifolket:

Romanifolket, eller dei reisande, er ein av fem nasjonale minoritetar i Noreg. Dei har reist på land eller til sjøs i Noreg i fleire hundre år. I dag er dei fleste bufaste. Romanifolket har sitt eige språk, romani, og sin eigen kultur. Gjennom mesteparten av 1900-talet arbeida «Misjonen» (Norsk misjon blant hjemløse) systematisk med å prøve å utrydde kulturen deira og det reisande levesettet. Dei villa at borna skulle gå på skule, kvinnene skulle vere husmødre og mennene skulle jobbe på ein fast stad.

Mange reisande familiar vart sendte til Svanviken arbeidskoloni på Nordmøre, der dei skulle lære seg av med det reisande levesettet. Her fekk dei ikkje lov til å praktisere eller snakke positivt om eigen kultur. Dersom foreldra ikkje samarbeida, vart borna tekne frå dei. Så mange som 1500 romaniborn vart truleg tekne frå foreldra sine i løpet av 1900-talet, og fekk  ikkje oppleve sin eigen kultur. Dei vart sendte til barneheimar drivne av Misjonen, og vart adopterte av ikkje-reisande familiar.