Snillan Du-logo

Arrangement Haugesund billedgalleri

Snillan Du | Konsert

Velkommen til en stemningsfull folkemusikk-konsert!

Dato: Lørdag 14. november kl. 19:30

Tidspunkt: Lørdag 14. november kl. 19:30

Sted: Haugesund Billedgalleri, Erling Skjalgssonsgt. 4, 5523 Haugesund

Pris: Student/born: 150,-/ Vaksen: 200,-

Folkemusikkgruppa, ​Snillan Du, består av Amalie Eldnes, Helene Stulien Lauen og Lydia Haugan Helland.

Snillan Du skaper eit møte mellom modernitet og det tradisjonelle, gjennom eigenskrive musikk og nytolkingar av folketonar. Dei har henta tonar frå Rogaland, Telemark og Skottland, og noko vil også bli framført i tradisjonell stil. I ein klang av fleirstemnd vokal og tangentar, kan ein høyre element som gjenspeglar kvar enkelt musikar sin musikalske breidde. 

Hovudtema for konserten er jul og vintertid. Tekstane tek føre seg gamal folketru, der ein blant anna vil høyre om ​Haugebonden​ som kjem fram mot juletider​. Gruppa sine nyskrivne songar tek opp tema som sorg, kjærleik og lengsel, noko som blant anna kjem fram i “Amerikabrev”. Den kan ein sjå og høyre her: 

Facebook: https://www.facebook.com/SnillanDu    

Instagram: https://www.instagram.com/snillandu 

YouTube:   https://youtube.com/snillandu 

Amalie frå Halden, Helene frå Byremo i Agder og Lydia frå Vikedal i Rogaland har motteke musikkprisar og har brei erfaring med ulike opptredenar. Dei har gått studier innan låtskriving, vokal, tangentar og norsk tradisjonsmusikk, og markert seg som musikarar i sine heimtrakter. No skal dei ut på turné og gleder seg til å framføre den nye musikken. Nokon tonar og tekstar kan være kjende for mange, og dette er ein konsert folk i alle aldre kan ha glede av.

Velkommen!

´´´´´´

Student/born: 150,-/ Vaksen: 200,-

Begrensa antall billettar.

Grunna korona: Reserver med konsertdato, namn, telefonnummer og antall billettar på mail: SnillanDu@gmail.com eller SMS: 99164269

Betaling i døra. Med kort eller;

Vipps til Amalie Eldnes: 991 64 269

 

 

Finn veien

Se hva som
skjer hos oss