Tollkisten-2

Arrangement Nedstrand bygdemuseum

Tollkista på «Ryfylke Toldsted» Nedstrand

Røva av sjørøvarar

Dato: 30.04 2020

Sted: Nedstrand bygsemuseum

Pris: Gratis

                                    

Ei tollkiste full av klingande mynt var nok fristande for både sjørøvarar og kaparar på 1600 talet.

Skikkeleg ille  gjekk det då skotten Thomas Bennet i 1666 røva heile kista, full av skillingar og dalar som skulle gå både til kongen, til accisen og lønn til tollaren og staben hans.

Nøyaktig 350 år seinare i 2016  stod ei ny tollkiste på plass i Tollboden på Nedstrand, nøyaktig lik den som vart røva.

Her kan du lese om arbeidet med kista:

Kulturarven – Tollkiste
    Puslespelet  på golvet er ein kopi av epitafiumet av tollaren Erik Jørgensen Klingenberg.

Finn veien

Se hva som
skjer hos oss