Julekort

Aktuelt Karmsund folkemuseum

Julekort

Julehelsing

Dato: Desember

«God jul og godt nytt år»

Ei kjent og kjær helsing, ofte på baksida av eit julekort.

Julekort og frimerke høyrer saman. Det første norske frimerket vart gitt ut i 1855, og dei første norske postkorta kom med post lova i 1872. Til å begynne med kunne ein berre sende posten sine eigenproduserte postkort, men etterkvart vart det lov å sende kort utgitt av private aktørar, og ordninga vart raskt svært populær.

Rundt 1910 sende så godt som alle julekort. Få av dei tidlige julekorta hadde motiv slik vi i dag tenker jul – dette fordi den moderne jula enno ikkje var etablert. Men motiva på julekorta  var med på å spreie dei nye tradisjonane, t.d. juletreet.

Den kristne julebodskapen har alltid vore i mindretal som motiv på julekorta. Vi ser vinterlandskap, fuglar i julenek eller julegrisar. Men den som skil seg klart ut som hovudmotiv er nissen. Nissen vart sett på som ein god hjelpar gjennom heile året, men julekort og andre illustrasjonar har gjort til at han har blitt tett knytta til jul og til julegåver. Under 2. verdskrig konfiskerete okkupasjonsmakta julekort med raude toppluer. Den raude nisselua vart sett på som antitysk propaganda. Men julekortprodusentane visste råd – nissane fekk, blå, gule eller grønne luer, og desse slapp igjennom sensuren.

Rundt 1900 stimulerte ein folk til å sende endå fleire julekort ved å sette ned portoen, men helsinga kunne ikkje ha meir enn fem ord. Dermed vart den vanligaste helsinga «God jul og godt nytt år» Denne regelen vart endra og no betaler ein porto etter vekt.

Sjølv om mange i dag sender julehelsingar digitalt, held tradisjonen med handskrivne julehelsingar med frimerke på seg godt . I 2017 sende vi ikkje mindre enn mellom 10 – 13 millionar julekort til kvarandre.

Her er fleire frimerker og julekort:

https://digitaltmuseum.org/0210210496424/frimerke

https://digitaltmuseum.org/0210210496443/kort