Arrangement Vindafjordmuseet
Årets fyrste museumsstafett er i Sjøperlo Hall i Ølen. Tema for kvelden er Rom for alle, og vil ta for seg fattigdom og tigging blant tilreisande EØS borgarar. Alle hjarteleg velkommen!
Dato: Torsdag 20. februar kl. 19:00
Åpningstider: Museet er ope kvar tysdag og sundag: kl. 12:00-15:00.
Sted: Ølen kulturhus, Dreganesvegen 40, 5580 Ølen
Pris: Kr. 50,-
Rom for alle
Torsdag 20. februar kl. 19:00 – 21:00
Sted: Sjøperlo Hall, Ølen kulturhus, Ølen
Haugalandmuseet har produsert ei fotoutstilling som no står på Sjøperlo Hall i Ølen. Utstillinga dannar ramma for denne kvelden. Formidlar Linda Merete Høie frå Haugalandmuseet vil halde eit innlegg om emnet der ho fortel om bakgrunnen for prosjektet, kva fattigdom er, kven dei fattige er, og om fattige før og no. Det vil også bli musikalske innslag tilknytt emnet, framførd av Kjell Ravatn på fløyte/klarinett og Monica N. Haugan på gitar/piano.
Museumsstafetten er eit tilbod frå Haugalandmuseet til alle som er interessert i kunst og kulturhistorie på Haugalandet. Som tradisjonen er, varar arrangementet i to timar med servering av kaffi og noko å bite i. Me vonar at kveldens tema er av interesse, slik at publikum kan stille spørsmål og elles drøse kring emnet.
Inngang kr. 50,-, kaffe og en matbit.
Velkommen til Museumsstafett på Sjøperlo Hall i Ølen,
Oppdag kunst og kultur på Haugalandet!