275740363_5265176243544795_317615880780336824_n

Arrangement Vindafjordmuseet

Utstillingsopning | Kald krig – varme historier

NYHEIT!!

Dato: Torsdag 28. april kl. 19:00

Sted: Movegen 111,Vikedal

Pris: Gratis

NATO-stasjonen på Lysenuten – kald krig – varme historier

I den spente situasjonen under den kalde krigen (1946-1989) vart det behov for eit sambandssystem mellom NATO-landa i Europa. NATO oppretta eit nettverk av stasjonar på høge fjelltoppar. Ein av stasjonane blei etablert på Lysenuten i Vikedal (812 m.o.h.), som eigna seg godt for mottak og vidaresending av signal, mellom anna til Shetland. Stasjonane fekk namnet ACE High: Allied Command Europe, og skulle sikre god kommunikasjon og tidleg varsling om farlege situasjonar. Kjeda besto av 45 ACE High-stasjonar i 9 land.

NATO-stasjonen på Lysenuten var i drift i perioden 1955 til 1991. Fleire av dei som jobba på Lysenuten er fastbuande i Vikedal. Ei prosjektgruppe har saman med Haugalandmuseet dokumentert livet på NATO-stasjonen. I denne gruppa sat pårørande til driftsleiar for stasjonen, folk som hadde vore med å byggje den fyrste taubanen, ingeniørar og andre som gjennom lang fartstid utdanna seg innan den tekniske drifta. Det var og med personar som hadde stått for vedlikehaldet av den hydrauliske taubanen. I utstillinga blir du kjend med fleire av dei som budde og arbeide på NATO-stasjonen på Lysenuten.

Utstillinga er delvis digital, noko som er heilt nytt for Vindafjordmuseet. Dei besøkande kan gjennom skjermar trykke seg inn på linkar til bilete, intervju og filmar. Vindafjordmuseet vil i samband med  utstillinga ha ope nokre sundagar i tillegg til vanleg opningstid, tysdagar og torsdagar, så følg med på heimesidene våre og facebook. Me ynskjer alle hjarteleg velkomen

Finn veien

Se hva som
skjer hos oss