Utstilling

Aktuelt Haugalandmuseet

Opne museer

Musea er opne, men alle planlagde arrangement er utsatt inntil vidare!

Dato: Fra og med tirsdag 20. april

Haugalandmuseet, med avdelingane Haugesund billedgalleri, Karmsund folkemuseum og Vindafjordmuseet, er opne for enkeltbesøk! Vi er glade for å kunne gje dykk gode kunst- og kulturhistoriske opplevingar, og anmodar alle besøkjande om å fylgja smitteverntiltaka i musea. Planlagde arrangement er utsatt inntil vidare.

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomen!

Desse musea er opne:

Arquebus krigshistorisk museum: tysdag- sundag kl. 11-16 (frå laurdag 1. mai)
Her kan du høyre lokale beretningar, sjå detaljerte utstillingar, og ein imponerande samling gjenstandar frå den tyske okkupasjonen 1940-45.

Haugesund billedgalleri: tysdag-laurdag kl. 12-15 og sundag kl. 12-17
Vi visar utstillinga Olav Nygaard – nye maleri (arr. Haugesund kunstforening), Atlantic Footprints (tresnittinstallasjon), Byen – rom for estetikk (utval frå Tjørhom-samlinga) og I storm og stille (utval frå samlinga).

Karmsund folkemuseum: tysdag-fredag kl. 11-15 og laurdag-sundag kl. 12-15
Her kan du sjå utstillingane «Fra jord til bord» (om landbruket på Haugalandet fra 1650-1900), «Byen som gikk i land» (ein jubileumsutstilling som sto ferdig til Haugesund bys 150-års jubileum i 2004), «Sjøfart og fiske» og «Heim og nærmiljø».

Vindafjordmuseet: tysdag kl. 11-15 og torsdag kl. 10-12
Museet er forma som eit bygdetun med røykstove, stabbur, kvernhus, steinhoggarbu og driftsbygning. På tunet finn du også kommunen sin siste telegrafstasjon, som ein av dei einaste i distriktet. Museet har fokus på lokal handverks- og næringshistorie, då særleg tradisjonar knytta til skipsbygging. Her finn du ei rik samling av gjenstandar frå arbeids- og kvardagsliv, modellar av seglskuter frå vervartida og ei boksamling frå Det Vigedalske Læseselskab.

 

Eit besøk hos oss skjer innanfor trygge ramer og med eit godt og oppdatert smittevern på plass.

Her finn du informasjon om billettprisar.