Ledig stilling som museumsvert Vindafjordmuseet
Me søkjer deg som er sjølvstendig og serviceinnstilt, og legg til rette for at publikum får ei god museumsoppleving.
Arbeidsperiode
Nokre tysdagar og søndagar gjennom året og sommarsesongen 2025.
Arbeidssted er Vindafjordmuseet, Movegen 111, 5583 Vikedal.
Oppgåver
- Informasjon til publikum og billettsal
- Gjennomføre omvisingar, ved behov
- Andre praktiske oppgåver, som reinhald
Ønska kvalifikasjonar
- Kulturfagleg interesse
- Kommuniserer flytande på norsk og engelsk
- Sals- og serviceinnstilt
- Trivs med å formidle/guide og er omgjengeleg
- Du må ha evna til å jobbe sjølvstendig og vere ansvarsbevisst
- Du er fleksibel og kan ta utfordringar på strak arm
- Over 18 år
Me tilbyr
- Opplæring
- Lønn etter tariffavtalen Landsovereinskomsten for museum og andre kulturinstitusjonar
- Offentleg pensjonsordning
Søknad med CV sendes til post@haugalandmuseet.no
Attester og vitnemål skal berre sendast etter førespurnad.
Søknadsfrist: 28/11-24
Kontaktpersonar:
Formidlar Vindafjordmuseet: Monica Nicolaisdatter Haugan, tlf. 97009834, mh@haugalandmuseet.no
Avdelingsleiar formidling og publikum: Camilla Vandvik, tlf. 90870371, cv@haugalandmuseet.no